top of page

Om meg

Headshots-JohannesLFSunde-026_edited.jpg

Allsidig og dedikert skodespelar med utdanning frå Høyskolen Kristiania, avdeling Westerdals. Eg har mykje erfaring frå teater, kortfilmar, reklamer og har også gjort dubbing, voice og radioteater. Eg deltek på kurs der eg kan både innanlands og utanlands, og har fokusert mykje på impulsivitet og tilstedeværelse samt meir kameratrening. No turnerar eg med Den Kulturelle Skulesekken i selskapet Filmhjelp.

I møte med nye realsjonar er eg lærevillig og ynskjer å ta til meg så mykje kunnskap som mogleg for å kunne utvikle meg som skodespelar og menneske. Eg vil alltid søke nye utfordringar og gå ut av komfortsona for å tilegne meg fleire ferdigheitar og erfaringar. 

Forutanom skodespelaryrket er eg allsidig innan sport og friluftsliv. Eg har både jegerprøva, våtkortet, klatrekortet, båtlappen og fiskar ein god del. No for tida tek eg også praktisk pedagogisk utdanning i Drama og Teaterkommunikasjon som eg er ferdig med våren 2025.

bottom of page